Pris leige av Alpehytta
Kva koster det å leige Alpehytta

Pris for leige av Alpehytta gjeldande frå 01.01.2025:
Januar/februar-overnatting: Man til fre kr. 1500 + moms pr. døgn. Fre til søn kr.2000 +moms pr. døgn. Maks 10 personer
Mars/april-overnatting: Man til fre kr. 2 000 + moms pr. døgn. Fre til søn kr. 2 500 + moms pr. døgn. Maks 10 personer
Mai-desember Man-fre kr. 1800 +moms pr. døgn. Fre -søn Kr.2 300 + moms pr. døgn Max 10 personer
Har sengetøy til utleige: dynetrekk, laken, putevar + 1 stort handkle. kr. 150 + 12% moms. Må legge på og ta av sengetøyet sjølv. Legg det brukte på badet. Kan ta med eige sengetøy, der er dyne og pute til kvar seng. Hugs å legge dyna innatt i posen.
Leige av berre det store lokalet i Alpehytta + kjøkken med alt utstyr for ein dag utan overnatting: kr. kr. 5 500. Romma på loftet er avstengt. Om hytta er ledig dagen før og det er ønske om å kome for tilrettelegging, dekke, pynte bord m.m. kr. 500 ekstra (Det store lokalet + kjøkken passer fint til bryllaup, konfirmasjon.årmålsdagar m.m.)
Om ein leiger Alpehytta til overnatting og samtidig bruker det store lokalet nede som festlokale, konferanselokale og til samkome for andre i tillegg til dei som bur der, skal det betalast med eit Ekstrabeløp på kr. 3 500 f.o.m. 11 -t.o.m. 15 personer.Talet inkluderer også dei som bur i hytta kr. 4 000 f.o.m 15 -t.o.m 20 personer " " kr. 4500 f.o.m. 25- t.o.m 30 personer,. " " Hugs maks antall ; 30 personer
Leiger ordner seg sjølv, får nøkkelkode og låser seg inn. Vanlege hyttereglar gjeld. Ved avreise skal hytta vere i den stand ho var som ved ankomst. Hugs at søppel og tomflasker må fjernast, container ved hovudvegen. Vask over bord og benkar. Dekketøy og bestikk , gryter m.m. skal settast tilbake på rett plass. Ikkje gå frå oppvaskinen mens ho står på. Vask over toaletta. Treng ikkje vaske golva, men kost opp rusk og rask, støvsug om nødvendig.
Del på
Twitter