Kva oppleve i området rundt Alpehytta.

Sunnmørsalpane Informasjon

 

Det var fjella rundt Hjørundfjorden som skapte uttrykket "Sunnmrørsalpane". Stupbratte fjell står bokstavleg tala med foten  i fjorden, på det djupaste heile 440 meter ned. Så "dei gamle fjell i syningum, dei standar like traust". Og Alpehytta ligg midt i dette eventyret. Med Alpehytta (363 m.o.h.)  som utgangspunkt kan ein sommar som vinter gå opp på dei høgste toppane; Kolåstind (1423 m.o.h.), Fingeren, Setretindane (1358) , Nonshornet (1305), Standalhorn (1158), Nøvedalstind,  Geithornet (926), Sylvkalven(1310) m.o.h.) m.fl. Kvandalen, Fladalen , Kalvedalen, Nøvedalen  byr på vakre naturopplevingar. Og fisken bit villig i dei mange fiskevatna rundt om.

I Standalvatnet like nedanfor Alpehytta er det laga til ei fin badestrand med flytebrygge.Om vinteren fin skeiseis.Har båt liggande ved vatnet, kan nyttast gratis av hytteleigar. Også fritt fiske.

Elles byr området rundt på imteressante opplevingar. Myklebustsetra, ein verneverdig støl, ligg berre 20 min. gange frå Alpehytta. Biltur til Store Standal og andre bygder langs Hjørundfjorden kan by på uvante opplevingar, som geiteflokkar langs vegen og i bratte fjellsider, 

Cruise på Hjørundfjorden med ferja som går mellom Store-Standal, Trandal, Sæbø og Leknes.No i sommarmånadane (2022) er ferja gratis både for folk og bilar.

Det er heilårsveg over Standaleidet, og ein biltur til Ørsta eller Volda tek ca. 30 min. ein veg. Frå Ørsta til Ålesund, byen på Sunnmøre, tek det ca. 1 time og 30 min. m/ferje kvar veg.