Utleige av Alpehytta og Geithornhytta samla eller kvar for seg.

Alpehytta egner seg godt til mindre eller større arrangement, som t.d. feiring av åremålsdagar, slektstreff, konfirmasjonar, barnedåp m.m. Bedrifter, organisasjoner o.a. kan halde kurs og konferanser og hyggelege samkomer for sine tilsette. Mulegheitene er mange. Utleigar driv ikkje serveringa av mat og drikke. Cateringfirma i Ørsta/Volda området yter god service med direkte leveranser på døra. Kjøkkenet har stort kjølerom, frysar, oppvaskmaskin. Induksjon koketopp, 2 steikeomnar. Har plass til borddekking for 30 personar og dekketøy til same antal. Stor luftig terrasse med sittegrupper i tilknytning til stova. Leigar ordner seg sjølv, får rettleiing om bruk av utleigar (hyttereglar plasser i vinduskarmen på kjøkkenet). Alpehytta har internett, fiber, stort TV

I Alpehytta er der 6 sengeplassar på loftet fordelt på 3 dobbeltrom. Dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel..
​Stor og luftig terrasse med sittegrupper. 

Geithornhytta, som ligg vegg i vegg med Alpehytta,  har  11 sengeplasser . Er nyrestaurert med oppdeling i 5 doble soverom (eitt av dei har tre senger) . Nytt toalett og dusj i 2. etasje i tillegg til dusj og toalett i 1. etasje. Romsleg stove med kjøkken. Kjøle-og fryseskap, komfyr, oppvaskmaskin. Vaskemaskin, tørkeskap. TV, internett, fiber.Stor, luftig terrasse. Romsleg uteplass.Har bålpanne.  

Leigar av Alpehytta og Geithorn kan og nytte gratis båt på Standalvatnet som ligg 2 min frå hyttene. Fritt fiske. Har garn for fiske, ta med redningsvester. Fin badestrand med brygge. Vinterstid ligg isen der, klar for skøyting.

Ved større arrangement høver det å leige begge hyttene samla. Geithornhytta er godt eigna til utleige for fjellgrupper, turistar,barnefamilier m.m.

Ta kontakt ang. dato for utleige og pris  mb 99155472