Alpehytta 2026

Alpehytta i Sunnmørsalpane i vakkert vinterver

Alpehytta klar for vintersesongen. Rikeleg med snø rundt hytta og gode krefter har måka veg til inngangsdøra. Og i Alpehytta er det godt å vere.Å gå hoselesta på det varmborne skifergolvet i opphaldsrommet gir ro i kropp og sinn,  ein godvarme som breier seg gjennom heile hytta. Lokalet har bord og stolar til 3o personar og dekketøy til like mange. Har utlån av dukar.  Kjøkkenet velutstyrt. Stort kjølerom, 2 steikeomner, induksjon platetopp, fryseskap, oppvaskmaskin,ein  stor og ein mindre kaffitraktar, vasskokar, fleire termoskanner. I hovudgangen tørkeskap for sko og klede. 2 toalett. På loftet 6 sengeplasser fordelt på 3 dobbeltrom. + 2 ekstrasenger.. Godt oppvarma bad med dusj og toalett. Her er og vaskemaskin og tørketrommel. Utlån av sengetøy.. Ute stor terrasse med sittegruppe. Lett tilkomst, kan køyre til døra for avlessing. Ikkje permanent parkering ved hytta. 2 parkeringsplasser tilgjengeleg nedanfor hytta, rikeleg med parkering langs hovudvegen.  Kontakt: britaa22@gmail.com   0047 99155472